Hilde Nes Hilde Nes

Tusen takk!

For ei fantastisk cuphelg dette har vore! 

Ein stor takk til alle lag, lagleiarar, spelarar, foreldre, søsken, besteforeldre, dommarar, frivillige og publikum som var med og skapte ei minnerik helg. Det er dykk som gjer cupen til den flotte møteplassen den er! 

Vi ønskjer gjerne tilbakemeldingar frå dykk. Kva fungerte bra? Kva kan vi bli endå betre på? Del gjerne både positive opplevingar og ting de meiner vi kan forbetre til neste gong. Alle innspel blir sette stor pris på!

lerumcup@sogndalfotball.no

📅 Sett av datoane for 2027 allereie no!
Innsjekk: fredag 18. juni
Speldagar: Lørdag- Mandag 19.–21. juni

Påmeldinga opnar fredag 30. oktober, så følg med!

Takk for i år, vi gler oss allereie til å ønskje dykk velkomne tilbake i 2027! 

God sommar frå oss i Sogndal Fotball!

Les mer
Hilde Nes Hilde Nes

Lerum Cup 2026 – praktisk informasjon

Velkomen til Lerum Cup 2026! Her finn du all viktig informasjon om kampoppsett, innsjekk, overnatting, måltid, transport og aktivitetar gjennom cuphelga.

Kampoppsett

Kampoppsettet finn du ved å trykkje på lenkja Lerum Cup 2026 - Profixio.

Profixio

Last ned Profixio-appen frå App Store eller Google Play for å finne laget ditt sine kampar og halde deg oppdatert gjennom turneringa. 
PS: Dette er den einaste appen du treng under Lerum Cup!

Innsjekk

Torsdag 25. juni frå kl. 18.00 i Sognahallen.
Ved innsjekk får laget utdelt ein lagspose som inneheld:
  • Deltakarband
  • T-skjorter
  • Verdikort (deltakarpremie for spelarar 10–14 år)
  • Anna praktisk informasjon
Lag i klassane 6–9 år får premie på Syril Stadion.
Innsjekk etter kl. 22.00 skjer ved Flostova, der turneringssekretariatet held til gjennom heile helga. Flostova ligg på langsida av Fosshaugane Campus og vil vere godt skilta.
Vi ønskjer at alle lag, så langt det er mogleg, sjekkar inn torsdag.
Seinaste mogleg innsjekk er etter laget sin første kamp fredag.

Overnatting

Oversikt over overnatting finn du HER. Dette gjeld lag med A- og F-kort.
Det er sett av plass til seng med maksimal breidde på 75 cm per deltakar. Dobbelmadrassar er ikkje tillatne med mindre dei skal nyttast av to personar.
Vi ber alle ta omsyn til:
  • IKT-utstyr og anna inventar skal ikkje nyttast.
  • Lagleiarar, trenarar og foreldre er ansvarlege for spelarane sine.
  • Ballspel innandørs er ikkje tillate.
  • Fotballsko skal ikkje brukast inne.
Ro på skulane:
  • Fredag: stille frå kl. 24.00
  • Laurdag: stille frå kl. 23.00
Utflytting:
  • Alle rom skal vere tømt innan søndag 28. juni kl. 12.00. Viss dykk har kampar etter dette og vil kvile, så gå i sekretariatet og sei i frå så skal dette bli ordna.
  • Romma skal leverast tilbake i same stand som ved innflytting. Boss skal samlast i boss-sekk og setjast utanfor klasserommet.

Dusj og garderobar

Sognahallen - lag som bur på:
  • Sognekraft
  • Lerumtribuna
  • Yogasal
  • Campushallen
  • Fossbygget
  • Tilfluktsrom
  • Klatrerom
  • Nye treningsal
Sogndal Idrettshall - lag som bur på:
  • SVGS
  • Fylkestribuna
  • Sogndal Idrettshall
  • Kvåle skule
Crossfit Kvåle - lag som bur der nyttar garderobane i anlegget.
Trudvang skule - nyttar garderobane ved S2-hallen.
Hafslo, Kaupanger og Gaupne - nyttar garderobar i idrettshall eller gymsal.

Helse

  • Røde Kors vil vere til stades på alle arenaer medan det blir spela kampar.
  • Cuplegen vil vere tilgjengeleg gjennom heile turneringa.

Måltid

Busstransport

Diskotek

Premiering

Parkering

Kveldsope Thon Senter Sogningen

Fredag 26. juni held butikkane ope heilt til kl. 21.00.
Ta turen innom etter kampane for shopping, mat, drikke og god stemning i sentrum.
  • Gode tilbod
  • Noko godt å ete
  • Perfekt mellom kampane
  • Kjekk cupstemning i Sogndal sentrum


Velkomen til ei innhaldsrik og minnerik Lerum Cup-helg!

Les mer
Hilde Nes Hilde Nes

Snart klart for fotballfest i Sogndal

Informasjon til alle deltakarar

Innsjekk

  • Innsjekk torsdag 25. juni kl. 18:00 i Sognahallen.

Kveldsmat torsdag

  • Alle et kveldsmat i S2-hallen i Sogndal torsdag.

  • Sjå kart for plassering - pila på kartet viser inngangen til matsalen.

VM-kamp

  • Det blir vist VM-kamp på Fosshaugane Campus

  • Det er gratis, men alle som skal inn må ha billett.

  • Billett får du her: Norge - Frankrike Promokode: vmkamp

  • Deltakarar som bur i Hafslo, Gaupne eller Kaupanger må bestille billett med buss inkludert.

Måltid

  • Klikk her for informasjon om mattider på dei ulike overnattingsstadene.

Diskotek og landskamp

  • Diskotek fredag 26. juni kl. 18:00–19:30 på Soho (Quality Hotel Sogndal).

  • For dei som skal på kamp, går det tog opp til Campus.

  • Stadion opnar kl. 20:00 til kampen mellom Norge og Frankrike.

  • Her blir det musikk og allsang før kamp!​​

Sogndal – Egersund

  • Laurdag er det kamp mellom Sogndal og Egersund kl. 20:00.

  • Billettar kjøpast her: Sogndal - Egersund Promokode: lerumcup26

Overnatting

  • Overnattingsfordelinga finn du her

Kampoppsett

  • Last ned Profixio for å sjå kampoppsettet.

  • Det er gjort nokre endringar i J13-klassen etter at eit lag trekte seg før helga.

  • Dette påverkar også sluttspeloppsettet i G13.

  • Gå gjennom ditt lag sitt kampoppsett og få oversikt over kampane.

Viktig informasjon

  • Fotballsko er ikkje tillate innandørs.

Stille tid

På grunn av to kampar på Fosshaugane denne helga blir stille tida utvida:

  • Natt til laurdag: kl. 00:00

  • Laurdags kveld: kl. 23:30

Alle overnattingsstader har nattevakter, og beskjedar frå desse skal respekterast.

Ny matsal i Sogndal

  • Det er ny matsal på Campus.

  • Sjå kart for plassering - pila på kartet viser inngangen til matsalen.


Hugs og betal inn alt før innsjekk, viss laget ikkje har brukt OCR betaling må vi få info om dette.

Vi ønskjer alle ei flott cuphelg i Sogndal!

Les mer
Hilde Nes Hilde Nes

Lerum Cup - me nærmar oss!

Påmeldingsfristen til Lerum Cup nærmar seg, og no er det berre dei siste laga som manglar før me kan setje opp perfekte puljer til sluttspelet!

Frist for påmelding: 3. mai kl. 23:59

Desse klassane manglar berre nokre få lag:

  • 2 lag til i G13 (9ar)

  • 1 lag til i J13 (9ar)

  • 3 lag til i G14 (9ar)

Når desse plassane er fylte, ligg alt til rette for eit optimalt og spennande cupoppsett!

Me har framleis kapasitet i fleire klassar, så om de vurderer kva laget skal gjere i sommar, er Sogn og Lerum Cup ein perfekt destinasjon.

Ekstra høgdepunkt
Laurdag kl. 20:00 blir det OBOS-kamp mellom Sogndal og Egersund, ein flott bonus for alle deltakarar!

Meld på laget her

Har du spørsmål?
Ta kontakt med oss på: lerumcup@sogndalfotball.no

Me gler oss til ei helg fylt med fotballglede, samhald og nye vennskap, og ikkje minst til å sjå dykk på Lerum Cup!

Les mer
Hilde Nes Hilde Nes

Snart klart for årets høgdepunkt!

Det nærmar seg eit av dei største fotballeventyra i Sogn, og no er det verkeleg på tide å sikre seg plass. Lerum Cup går av stabelen 25.-28. juni, og me gler oss til å ønskje lag frå fjern og nær velkomen til dagar fylt med idrettsglede, samhald og gode opplevingar.

Viktige fristar å merke seg:

  • 1. mai: Siste frist for å melde på lag

  • 15. mai: Frist for å registrere spelarar

Det er framleis nokre plassar igjen, men dei fyllest raskt. Her gjeld det å vere tidleg ute for å vere sikra deltaking på ei cupoppleving som skapar minner for livet.

Miniputt-turneringa treng dykk!

For at miniputt-turneringa skal bli gjennomført, er me avhengige av minst 30 påmelde lag innan 15. mai. Dette er ein fantastisk arena for dei yngste spelarane til å oppleve ekte cupstemning, speleglede og fellesskap.

Me oppmodar alle til å spreie bodskapen. Ta med laget, venegjengen eller klubben og bli med på moroa!

Informasjon Miniputt turneringa

Ei helg fylt med liv og fotballglede

Lerum Cup handlar om meir enn berre kampar. Sogn blir fylt med liv, latter og ekte fotballstemning når spelarar, trenarar, foreldre og publikum samlast til ei minnerik helg.

Me håpar å sjå akkurat dykk på bana – klare for innsats, glede og nye vennskap!

Meld på laget her

Spørsmål kan sendast til lerumcup@sogndalfotball.no.

Les mer
Hilde Nes Hilde Nes

Lerum Cup nærmar seg fullteikna!

Det er framleis nokre få ledige plassar att i årets Lerum Cup. Per i dag manglar det om lag 30 lag før cupen er fullteikna, og arrangøren håpar å nå dette målet før påske. Lag som vurderer deltaking blir difor oppmoda til å melde seg på så snart som mogleg.

Me ønskjer alle lag velkomne til ei flott cupoppleving i vakre Sogndal og Sogn! Under cuphelga blir det også mykje spennande rundt arrangementet. Det vert OBOS-kamp på Fosshaugane Campus, og Noreg spelar VM-kamp mot Frankrike, noko som gir ei ekstra kjekk ramme rundt cupen.

Me vil samstundes informere om at det førebels er meldt på få lag i klassen J14. Dersom det er utfordringar med å stille reint J14-lag, oppmodar me dykk om å ta kontakt med arrangøren for dialog.

Spørsmål om J14-klassen kan sendast til lerumcup@sogndalfotball.no.

Gå til påmelding

Me gler oss til å ønskje dykk velkomne til Lerum Cup 2026!

Les mer
Hilde Nes Hilde Nes

Miniputt turnering Jente/Gutar 6–9 år – Leikanger 27. juni

Laurdag 27. juni vert det arrangert miniputtturnering for jenter og gutar i alderen 6–9 år på Leikanger.

Dersom det vert mange lag som skal overnatte i Sogndal, vil turneringa bli delt opp over to dagar.
Laga som overnattar, vil i så fall spele kampar begge dagar.

Det er lagt opp til maks fem kampar pr lag. Kamptid 1x12 min.

Me ønskjer alle lag velkomne til ei kjekk og sosial fotballhelg.

Påmeldinga er no open

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Påmelding til Lerum Cup 2026!

Lerum Cup 2025 vart ein stor suksess med rekordmange lag og fantastisk stemning heile helga!
Førebuingane til årets cup er allereie godt i gang, og påmeldinga er open!

Gå til påmelding!

Lerum Cup 2026 går av stabelen torsdag 25. juni til søndag 28. juni.
Me har bestilt fint vær og gler oss til å ta i mot alle spelarar, trenarar og føresette!

Nyttig informasjon om turneringa finn ein her på nettsida.

Me ønskjer velkommen til Lerum Cup 2026 og gler oss masse til sommarens vakraste eventyr!

STAO NO PAO!

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Siste sjanse for å melde på ditt lag!

Tida fram mot Lerum Cup går fort, og det er allereie fullt i fleire klassar! Det er kjekt å sjå at så mange ønskjer å vere med på Lerum Cup 2025, og me prøvar å få plass til så mange som mogleg! Det er framleis nokre plassar igjen, og me anbefalar å vere rask med å melde seg på!

Meld på ditt lag her!

Dette er status på dei ulike jenteklassane:

  • J10 - 4 plassar

  • J11 - 1 plass

  • J12 (7ar) - 4 plassar

  • J12 (9ar) - 3 plassar

  • J13 - 2 plassar

  • J14 - 1 plass

Dette er status på dei ulike guteklassane:

  • G10 - 2 plassar ledig

  • G11 - 7 plassar ledig

  • G12 (7ar) - 8 plassar

  • G12 (9ar) - 2 plassar

  • G13 - fullt (blir ikkje opna for fleire)

  • G14 - 3 plassar

  • Meld på ditt lag her!

Me håpar å sjå ditt lag på Lerum Cup 2025! Påmeldingsfristen er 1. mai, og siste frist for å sende inn antal deltakarkort er 18. mai. Lag som allereie er påmeld kan gjere dette i Profixio allereie no! Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Me gler oss til cup!

Allereie no kan foreldre bestille overnatting til cupen. Det er viktig å vere tidleg ute, og ein finn diverse hyblar og leiligheiter her!

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Påmeldinga til Lerum Cup 2025 er opna!

Lerum Cup 2024 vart ein stor suksess med rekordmange lag og fantastisk stemning heile helga! Førebuingane til neste år er allereie godt i gang, og i dag opna påmeldinga!

Gå til påmelding!

Lerum Cup 2025 går av stabelen fredag 20. juni til måndag 23. juni. Bakgrunn for at turneringa blir fredag - måndag er at mange har siste skuledag fredag 20. juni. Me har bestilt fint vær og gler oss til å ta i mot alle spelarar, trenarar og føresette!

Nyttig informasjon om turneringa finn ein her på nettsida:

Me ønskjer velkommen til Lerum Cup 2025 og gler oss masse til sommarens vakraste eventyr!

Gå til påmelding!

STAO NO PAO!

Les mer