Viktige datoar
Når er Lerum Cup?
Kampane på Lerum Cup 2026 startar fredag 26. juni kl. 08:00 og vert avslutta søndag 28. juni på ettermiddag/kveld.
Innsjekk av laga som skal overnatte på skule vil vere torsdag 25. juni frå kl. 18:00.
Når er siste frist for påmelding lag?
Påmeldingsfrist er 10. mai 2026
Når er frist for innmelding av deltakarkort?
Frist for innmelding av deltakarkort er 17. mai 2026.
Det er først når me veit kva deltakarkort dei ulike laga skal ha, me kan starte med overnattingskabalen.
Når får lag vite kva skule ein skal bu på?
Lag som bestiller A-kort og F-Kort blir tildelt overnatting på skule når alle lag har bestillt deltakarkort.
Lag frå same klubb blir i utgangspunktet fordelt på same skule.
I 2026 nyttar me skular i Sogndal, Kaupanger, Gaupne og Hafslo.
Når kjem kampoppsettet?
Kampoppsettet blir publisert her på heimesida så snart det er klart (tidleg juni 2026).
Innsjekk:
Torsdag 25. juni frå kl 18.00 i Sognahallen.
Utdeling av posar til lag som inneheld: Deltakarbånd, t-skjorter, verdikort etc..
Innsjekk etter kl 22.00 vil være v/Flostova der ein finn turnerings-sekreteriatet gjennom helga. Flostova ligg inne på langsida til vår stadion, Fosshaugane Campus.
Ynskjer at alle, så langt det let seg gjere, sjekkar inn torsdag.
Seinast mogleg innsjekk er etter laget sin første kamp laurdag.
Me oppmodar til å rekne god tid og ta omsyn til vegarbeid og trafikk