Turneringsreglement

1. Generelle reglar

  • Alle kampar vert spela 2 x 20 minutt.

  • Det vert nytta flygande innbyte ved midtstreken.

  • Laga skal vere klare ved bana seinast 10 minutt før kampstart.

  • Lag som ikkje møter til kampstart utan gyldig grunn, taper kampen 3–0.

  • Alle spelarar skal ha gyldig deltakarband.

  • Maksimalt 16 spelarar kan nyttast per kamp. Det er ikkje avgrensing på talet spelarar i turneringa totalt.

2. Kort og karantene

  • I klassane 13–16 år vert gule og raude kort nytta etter NFF sine reglar.

  • Gult kort gir ikkje tidsavgrensa soning.

  • Raudt kort, direkte eller etter to gule kort i same kamp, gir karantene i neste kamp.

  • Juryen kan gi ytterlegare karantene ved alvorlege hendingar.

  • I klassane 10–12 år skal dommaren i hovudsak rettleie spelarane. Ved alvorlege hendingar kan spelaren takast av bana.

3. 7-ar fotball

  • Alle frispark er direkte.

  • Etter at ballen har vore over dødlinja, kan målvakta ikkje kaste eller sparke ballen direkte over midtstreken.

  • Etter redning kan målvakta spele ballen over midtstreken.

  • I klassane 10–12 år kan motstandarlaget setje inn éin ekstra spelar dersom eit lag leiar med fire mål. Den ekstra spelaren skal takast ut igjen dersom målskilnaden vert redusert til tre mål.

  • Det vert nytta 7-ar mål.

4. 9-ar fotball

  • Bana skal vere 62–72 meter lang og 48 meter brei.

  • Offside og tilbakespelsregelen gjeld.

  • Alle frispark er direkte, og avstanden ved dødball er 9,15 meter.

  • Det vert nytta 7-ar mål.

  • Elles gjeld NFF sine reglar for 11-ar fotball.

5. Speleberettigheit og dispensasjonar

  • Spelarar skal vere speleberettiga for klubben sin etter NFF sitt regelverk.

  • Ein spelar kan berre spele for eitt lag under Lerum Cup, med mindre arrangøren har gitt særskilt dispensasjon.

  • 9-ar fotball: Maksimalt to overårige spelarar per kamptropp.

  • 7-ar fotball: Maksimalt éin overårig spelar per kamptropp.

  • Overårige spelarar må meldast inn til Lerum Cup på førehand via Lerumcup@sogndalfotball.no.

  • Landslagsskule- og krinslagsspelarar kan ikkje nyttast som overårige.

  • Det er ikkje tillate med topping av lag.

  • Sosialmedisinske dispensasjonar må vere godkjende av fotballkrinsen for inneverande år og meldast skriftleg til arrangøren.

  • Gjestespelarar som ikkje er speleberettiga for eigen klubb, er ikkje tillatne.

  • I klassane 13–16 år kan spelarar ikkje flyttast mellom lag frå same klubb som deltek i Lerum Cup, utan særskilt dispensasjon.

  • Samansette lag må ha skriftleg godkjenning frå fotballkrinsen.

6. Gruppespel og sluttspel – klassane 13–16 år

Ved poenglikskap i gruppespelet vert laga rangerte etter:

  1. Poeng

  2. Målforskjell

  3. Innbyrdes oppgjer

  4. Flest scora mål

  5. Loddtrekning

Sluttspelet vert spela etter cup-system.

Ved uavgjort i sluttspel vert kampen avgjord slik:

  1. Flest hjørnespark

  2. Straffesparkkonkurranse, først 3 mot 3

  3. Deretter 1 mot 1 dersom det framleis er uavgjort

7. Protestar og jury

  • Protest skal leverast skriftleg av lagleiaren seinast 30 minutt etter kampslutt.

  • Protestgebyret er kr 2 000. Kvittering for betalt gebyr skal følgje protesten.

  • Protest kan gjelde bruk av ikkje speleberettiga spelarar, feil frå arrangøren, grove regelverksfeil frå dommaren eller andre vesentlege forhold som har påverka kampen.

  • Juryen behandlar protestar og avgjer saker om sanksjonar.

  • Juryen sitt vedtak er endeleg og kan ikkje ankast.

Kontonummer for protestgebyr: ______________________


8. NFF sitt regelverk

Der Lerum Cup ikkje har eigne reglar, gjeld NFF sitt til ei kvar tid gjeldande regelverk og breiddereglement.