Historie


Lerum Cup har vakse fram som ei av dei største turneringane på Vestlandet, med over 300 lag og 4000 deltakarar årleg. Deltakarane er 6-14 år og kjem frå både aust og vest i landet. Lerum Cup går av stabelen i slutten av juni kvart år, og det blir vanlegvis spelt kampar i Hafslo, Sogndal, Kaupanger, Gaupne og Leikanger.  

Cupeventyret i Indre Sogn har eksistert sidan 1989. Få visste den gang at turneringa skulle vekse i eit slikt omfang turneringa framstår som i dag. Eventyret starta med primus motor Lasse Opseth og turneringa talde 28 lag første året. Navnet var den gong Sognefjord BT cup. Opp gjennom åra har både cupnamn og cupleiarar endra.

Lerum har vore delaktig sidan 1994, men namnet Lerum Cup kom først i 2012.

Lerum Cup er ei turnering der Sogndal Fotball spelar på lag med naboklubbane Hafslo IL, Kaupanger IL, IL Bjørn og Syril. Fleire hundre frivillige stiller årleg opp for å gje både deltakarar og foreldre eit minne for livet.